
Om Garnhimmelen.
Garnhimmelen i Torrevieja blei til sommaren 2017, då Eva’s Garn og Mote bytta eigarar og navn. Eva’s Garn hadde då eksistert og blomstra i nesten 14 år, og det er vårt mål å ta konseptet eitt hakk vidare – og at butikken skal leva opp til navnet Garnhimmelen.
Varesortimentet er i stadig utvikling, og fokuset er alltid høg kvalitet til riktig pris. Våre hovedleverandørar på garn er spanske Katia, som vert produsert i Barcelona og norske Viking garn. Me har strikkepinnar frå Addi, heklenåler, synåler, sytråd frå Gütermann, brodértråd (DMC), duskar, knappar, strikk, silkebånd og ein heil masse anna ein kan trenge når ein driv med handarbeid.
Garnhimmelen finn du også på Facebook og på Instagram – me vil setja stor pris på om du vil lika og følgja oss der. På Facebook vil du få fyrstehands informasjon om aktivitetar, produkter, tilbod og anna, og du får også anledning til å ta del i Garnhimmelen si gruppe.
I skrivande stund jobbar me med nettbutikken, og inntil vidare kan du gjerne bestille garn eller tilbehør som ikkje er i nettbutikken ennå via epost på post@garnhimmelen.com dersom du ikkje har anledning til å komma innom til oss.
Uansett skal du alltid føla deg velkommen kvar gong du tek turen til Garnhimmelen, – fagbutikken der kvalitet og kunden står i fokus!
Me sjåast!
Karin Alice & Roger
Du finn oss her: Centro Comercial Torremarina, Local A1-14, Calle Diana, 03183 Torrevieja, Spania
